Eidfjord

Eidfjord kommune

Ledig stilling innan fagområde byggjesak/prosjektleiing

I Eidfjord kommune er det ledig 100% fast stilling med hovudvekt på byggjesak og prosjektleiing. 

Stillinga inngår i eining for areal og miljø som omfattar fagområda; kart, oppmåling, plan, byggjesak, landbruk, miljø, forureining og vilt/fisk. Me kan by på variert og positivt arbeidsmiljø, og utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i flott natur frå fjord til fjell. Eidfjord er i ferd med å bli ein stor hyttekommune med stor aktivitet innan hyttebygging.

Våre medarbeidarar har god kompetanse og er fagleg oppdatert. Du får arbeida sjølvstendig innan eit tverrfagleg arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåver vil mellom anna vera prosjektleiing av kommunale utbyggingsprosjekt, byggjesakshandsaming og ansvar for oppfølgjing av fagområdet byggje- og delesak, representera kommunen i byggjesak i nettverk i Hardanger, tilsyn, matrikkelføring og deltaking i planarbeid. Arbeidsoppgåvene kan tilpassast kvalifikasjonar og arbeidsområde elles i eininga.

Kommunen tilbyr gode moglegheiter for etter- og vidareutdanning og er behjelpeleg med å skaffa bustad.

Me søkjer ingeniør/sivilingeniør/jurist med relevant fagområde frå høgskule/universitetsnivå. Søkjar må beherske norsk munnleg og skriftleg og ha sertifikat for bil. Me søkjer ein utadvendt person som er samarbeidsvillig og serviceinnstilt.

Ynskjer du meir informasjon om stillinga i Eidfjord kommune ta kontakt med  Gunnar Elnan, tlf 53673652/47612205.

Send søknad med CV pr e-post til postmottak@eidfjord.kommune.no innan 15. juni