Guro Stokseth

Guro Stokseth

NKF kompetanse

Masterstudent med hårete mål for blågrønn planlegging

- Eg er takksam for å få motta stipend, og set pris på at NKF medvirker med støtte til studentar innanfor kommunaltekniske fag, sier Guro Stokseth, masterstudent på 5. året ved NTNU.

Guro Stokseth
Guro Stokseth. Foto: Privat.

- Dette er viktige fagfelt som ivaretek viktig infrastruktur, og som vasstudent har dette vorte særlig tydeleg med haustens mange flommar. Det er viktig å auke rekrutteringa til desse fagfelta og sjølv ønsker eg å medvirke til å auke studentmasse ved Vann- og Miljøteknikk, NTNU.

Guro tar en master i Bygg- og Miljøteknikk ved NTNU, Trondheim, og fra det 3. året har hun har valgt retningen Vann og miljø.

- Hvorfor valgte du dette studiet?

- Eg høyrde om det skrikande behovet for VA-ingeniørar i Noreg, og hadde lyst til å bruke mine evner til å gjere noko nyttig.

- Hva går masteroppgaven ut på?

- I haust har eg teke til på prosjektoppgåve som legg grunnlaget for masteroppgåva eg skal skrive til våren. Målet er i korte trekk å kartlegge retningslinjer for optimal plassering og utforming av blågrønne løysingar, basert på ny forskning og erfaring funne i nyleg publiserte artiklar, samt VA- normer og framtidige klimatilhøve gitt i IPCC sin nyaste rapport. Dette skal legge grunnlag for eit så tydeleg rammeverk at det skal bli mogleg å programmere og implementere overvannsløysingar i Spacemaker AI sin software, der optimalisering av plassering av bygningar allereie blir utført. Målet er at prioritering av overvannsløysingar sikrast i tidlig fase planlegging og vil forhåpentligvis resultere i betre løysingar og meir effektiv planlegging og dernest at desse svært naudsynte tiltaka faktisk blir iverksett.

- Dette virker ganske ambisiøst!

- Ja, eit hårete mål er at denne oppgåva skal leie til eit så handgripeleg og omfattande verktøy at det vil vere til nytte for blågrønn planlegging i samtlege kommuner nasjonalt og, for å tenke stort, internasjonalt. Ein kjem ingen veg utan hårete mål, kva?

- Ja, det er viktig med mål, både med og uten hår! Men hva skal du bruke stipendet til?

- Eg skal møte samarbeidspartnarar i Spacemaker AI i Oslo, og i tillegg har eg fått moglegheit til å reise til INSA, Lyon i to veker i november for å samarbeide med ein post- doc der. Eg har stor tru på at eg vil gjere ein god jobb med prosjekt- og masteroppgåva og ønsker verkeleg å medverke positivt i vassmiljøet, avslutter Guro.

- Jeg ønsker deg lykke til med prosjektoppgave og masteroppgave, og jeg gleder meg til å følge med på hva du får til.