Kjøpesenter Illustrasjon

Kjøpesenterlandet

Planløs norsk stedsutvikling

Norge har det største antallet kjøpesenterkvadratmeter pr. innbygger i Europa. Forfatter og journalist Ronny Spaans har tatt temperaturen på kjøpesenterutviklingen i 34 norske byer. Spaans kommer til Tromsøkonferansen 2018.

Teksten er skrevet av Ronny Spaans, forfatter av boken "Kjøpesenterlandet; planlaus norsk stadutvikling".

Spaans holder foredrag på Tromsøkonferansen for plan og byggesak 5.-6. februar.

Vinterdis er bytt ut med spotlights, ljosekroner og utstillingsreolar!

Sandvika 1895: Claude Monet kjem, forelskar seg i den vesle fiskarlandsbyen, set seg ned og målar eit vintermotiv. «Eg har framifrå motiv her. Små øyar i flukt ved vatnet, dekte med snø og i bakgrunnen eit fjell. Det ser ut som Japan, som det ofte gjer i dette landet», skriv han heim. Resultatet heiter «Sandviken Village in the Snow» – eit målarstykke av ein sjarmerande landsby ved ei støypejarnsbru med Kolsåstoppen i bakgrunnen.

Same stad, 120 år seinare: Eit anna motiv slår imot deg. Kjem du med motorvegen, er det ikkje Sandvika, men skiltet til Sandvika Storsenter som slår imot deg. Etter parkering går du opp Claude Monets allé og finn raskt eit turistkontor: Det viser seg å vera ein automat med kartopplysning over kilo- meteren med 190 butikkar i Sandvika Storsenter.

Velkomen til det nye Sandvika: «Betongvika» eller «Thonvika» på folkemunne. Monets vinterdis er bytt ut med det evige ljoset frå spotlights, ljosekroner og tusen opplyste utstillingsreolar! 

I Sandvika opererer ein etter Guinness rekordbok. Sandvika Storsenter, fordelt på 60.000 kvadratmeter og med over tre milliardar i omsetjing i 2015, er Noregs største kjøpesenter. I mange år var det også Skandinavias største. Ein gjennomsnittsdag lokkar senteret 15.000 konsumentar frå E18 opp til butikkane. Kjøpesenteret er ått av ein av Noregs rikaste menn, Olav Thon.

Slike ekstremitetar vekkjer òg ekstreme kommentarar: «Stalinismens epoke er tilbake» var kommentaren til arkitekten Finn Sandmæl då nyhenda om at senteret skulle utvidast til det doble i 2007. Skalaen vart for dryg jamvel for Sandmæl, kjend for kjendishyttene sine i fjellet.

No siktar Thon mot nye høgder: Det er mogeleg dei tek over lokala til bilforretninga Røhne & Selmer, som planlegg å flytte frå lokale på Jongsåsveien, som ligg ved senteret.

– Det er marknad for ytterlegare utviding av gigantsenteret, uttalar Olav Thon Gruppen.

Er det noko att av det japanske Sandvika som ein gong sjarmerte Monet? Ei av tverrgatene til Claude Monets allé fører deg over elva til det gamle Sandvika. Du passerer Løkke bro, brua som Claude Monet i si tid måla. Park- og elveområdet mellom Sandvika Storsenter og det gamle Sandvika er slett ikkje verst. Området har vore gjennom eit stort lyft. Men kontrasten er stor: I vest er det folkeliv, i aust er terrassane og kaféane så å seia tome, jamvel på ein laurdag i juli.

«Sandvika er et råttent høl», uttala Stein Stugu frå Rødt til Budstikka i 2013. «Hvor er det blitt av Brio leker, Den grønne café, Englebarna, Bernhard Moes jernvarehandel og skobutikken?» spør han.

Kva meiner Thon sjølv om kjøpesenterutvikling kontra bevaring av det tradisjonelle bysentrum: I eit portrettintervju av Dagens Næringsliv i 2013 kjem han inn på motsetnaden: «Det var hyggelig og morsomt med småbutikkene rundt omkring, men tiden har løpt fra dem. Kjøpesentre er kommet for å bli. Folk vil ha dem.»

Gamle Sandvika, Sandvika aust, er eit trist syn. Berre eit fåtal butikkar er att. Ikkje berre det: Alt kong Midas kom borti, vart som kjent til gull. I Sandvika har ein Betong-Midas vore på ferde. Sentrum er dominert av forfalne bygardar, som den grå, massive Helgerudgarden. Bygget har falma murvegger, i delar av bygget er bygningsarbeid, men det verkar som om det ikkje har vore aktivitet her på lenge; gjennom labyrintar av betong, der du forventar å hamne i gapet på ein minotaurus, kjem du med eitt ved den forretninga som enno lokkar folk til Sandvika aust: Vinmonopolet!

– Den einaste grunnen til å koma hit er å handle vin, seier ein forbipasserande til meg.

«Den kvite byen ved fjorden», heitte Sandvika. No har andre kome på eit betre bilete på Sandvika på basis av byutviklinga: i dette eventyret gjekk det baklengs: frå kvit svane til stygg andunge. Det er trist. Sandvika kunne ha vore eit fagert «rekreasjonssenter», ein utfartsstad til Oslo, lik Lisboas Cascais eller Romas Nettuno. 

Freniss over ein korrumpert by

Korleis kunne det gå så gale? Éin grunn kan finnast i mentaliteten hjå politikarane. «Jeg har spurt Olav Thon om han ikke kunne tenke seg å kjøpe hele Sandvika. Det ville være enklere å forholde seg til én eiendomsutvikler», uttala høgreordførar Odd Reinsfelt til Dagens Næringsliv i 2007, utsegna kom i samanheng med utvidinga av Storsenteret. Thon takka nei, men i realiteten har eigedomskongen med raud strikkehuve likevel fått frie hender. Ja, Thon er i realiteten ikkje berre byplanleggjaren i Sandvika, men i svært mange norske byar – og han identifiserer seg med denne rolla; i det ovannemnde intervjuet i Dagens Næringsliv skildrar on eigedomsimperiet sitt som eit samfunnsoppdrag: «Jeg bygger ikke et hotell i Kautokeino eller et kjøpe- senter på Flå for å tjene penger, men for å få istand utvikling». I Sandvika, som i andre stader, fekk han denne rolla på tvers av norsk lovverk. I 1990-åra vart det innført kjøpesenterstopp: Staten sa nei til kjøpesenterutviding med detaljhandel som klede og elektronikk. Men Thon og Reinsfelt fann smetthol: Utviding er tillate så lenge føremålet er «plasskrevjande handel».

Kva seier forskarane?

– Detaljhandelen finn alltid måtar å lure seg unna regelverket på, seier Peter Hemmersam, fyrsteamanuensis ved Arkitekthøgskolen i Oslo. Han har skrive doktoravhandlinga Fra shoppingcenter til by – en undersøgelse af det integrerede shoppingcenter, der han vigjer stor plass til Sandvika. Han meiner at små kommunar er dømde til å tapa i kampen mot sterke kjøpesenteraktørar.

– Men om kjøpesenterutvikling for mange ter seg om ei pakt med djevelen, er kjøpesentra ikkje eit eintydig vonde. Skal ein halde oppe bysentrum, må ein ty til den mest dynamiske delen av detaljhandelen, shoppingsentra. Sandvika vest har faktisk hatt positiv ringverknad for Sandvika aust. Før utbyggjinga var det berre fjorten bustader i sentrum, no er det mellom tre og fire hundre bustader. I tillegg har kino og kulturhus kome til, legg Hemmersam til.

– Hadde ikkje kjøpesenteret kome til Sandvika, ville CC Vest eller Økern i Oslo stukke av med vinsten.

Men Hemmersam vektlegg at det må vera ein balansegang mellom sentrums- og kjøpesenterutvikling:

– Utvidinga i 2007, der ein bygde ut i motsett retning av Sandvika sentrum og jarnbanestasjonen, øydela sjansen til ei tettare kopling mellom Sandvika vest og aust.

Som andre norske byar byd Sandvika på sterke kontrastar. Ved Sandvikselva ruvar det prislønte og sermerkte kvite rådhuset, teikna av Magnus Poulsson. Denne kvite systera til Rådhuset i Oslo, teikna av same arkitekt, er eitt av Noregs vakraste kommunebygg. Ljoden av klokkespel kimar frå rådhustårnet – ein protest mot stresset i kjøpesentergata med eit namn mange vil finne fornær mande: Claude Monets allé. Det same gjer det stille vatnet ved elvepromenaden nedanfor, mot Kadettangen og Kalvøya.

Det lyt seiast at heilt vonlaust er det ikkje for Sandvika aust. I 2014 flytte tusen studentar inn i eit kunnskapssenter ved togstasjonen. I den samanhengen er det kanskje ikkje så heldig at Bærums kulturhus, teikna av Snøhetta, ligg i Sandvika vest, ikkje i aust. Næringsaktørar har saman med Bærum kommune samla seg i Vårt Sandvika AS – eit selskap som skal revitalisere sentrum. Det finst ein herleg oase i det gamle sentrum: Bakgarden i det såkalla Brambanikvartalet; der er det uteservering og konsertar. I tillegg skal det gjerast noko med motorvegane som formar ein mur kring sentrum og som hindrar tilgang til sjøsida: E16 skal i tunnel frå Kjørbokrysset, under Kjørbokollen og fram til Bærumsveien; det finst òg planar om å leggje E18 under lok. Ein vilje til fornying er synleg i sentrumsgatene. Dei er dekorerte med sandkasse og benker, ein fontene er omgjord til blomsterbed, på eit audt torg er det plassert leikeapparat for born.

Men likevel. Betongmur pynta litt opp med blomar og benker – kva hjelper slike kosmetiske grep? Alt dette blir ikkje anna enn ferniss over ein korrumpert by. Thon har strupetak på den gamle Monet-byen.

 

Forfatteren til Tromsøkonferansen

Ronny Spaans kommer til Tromsøkonferansen for å dele sine tanker om stedsutvikling.

Tromsøkonferansen 3.png