Utvik sentrum 2018. Foto: Amund Hjelle

Utvik sentrum 2018. Foto: Amund Hjelle

Tidsskriftet Kommunalteknikk

Fagre Stryn i ras, vind og væte

Stryn, staden der corona vanlegvis er sommarsøte jordbær og hundretusenvis av turistar kjem både sjøvegen og landevegen for å oppleve fjord, fjell og brear. Der amerikanarar står med store auge og lurer på kor tid fossane blir skrudd av for kvelden. Der campingbilane står tett i tett på campingplassar og rasteplassar og gondolbana tek deg frå null til tusen meter på seks minutt. Men også der det i løpet av få sekund kan gå frå idyll til ras, flom og orkan.

Tekst:
Torstein Tvinnerheim
Varaordfører
Stryn kommune

Stryn har dei siste åra blitt utfordra av naturen fleire gongar. Det er ein mektig utfordrar. I 2011 hadde vi flaum og orkan. Dagmar blæs hus overende, stengde vegar i fleire dagar, vi vart straum og telefonlause. Ordførar Sven Flo skreiv han skrive brev. Røde Kors gjekk frå dør til dør i heile kommunen. Leverte ut skrivet frå ordførar og forsikra seg om at folk hadde det bra i heimane sine. Det blir aldri for mykje informasjon ut til folk i slike tider. 

Frå flaumen i Utvik 24. juli 2017. Foto: Sven Flo
Frå flaumen i Utvik 24. juli 2017. Foto: Sven Flo

Flaum i Utvik

24. Juli 2017 vart det nok ein gong sett krisestab i kommunen. Det var ikkje fyrste gong sidan 2011, så vi hadde fått bra trening. Det var eit valdsamt torevêr som rulla over kommunen. Leiar for teknisk etat, Jan Flore, fekk meldingar frå ulike bygdelag. Fyrst og fremst frå Blakset, vegane held på å renne vekk. Elevane og bekkane gjekk store. Dei visste kva det kunne bety. Under flaumen i 2011 var det dei som var hardast ramma. Eit lynnedslag hadde også sett fyr på eit nytt bustadhus mellom Blakset og Stryn sentrum, på Robjørgane. Flore starta å kalle inn kriseleiinga. 

Det starta å tikke inn meldingar frå Utvik. Uveret stod stille over bygda. Det lyna og regna noko aldeles forferdeleg. Dei to elevane gjennom bygda vaks seg store og skremmande. Føre-bels tenkte vi at det var Blakset som hadde det verst. Så starta bilda å kome inn. Fokuset skifta. Utvik var i ferd med å bli skylt vekk. 

Kriseleiing i solskinn

I sentrum letta uveret. Vi hadde kontakt med Utvik. Der var det framleis uhyggeleg. E-verket kunne ikkje arbeide. Transformatorar vart sprengt av lyn. Folk prøvde fortvila å halde elva i rette leie med eigne gravemaskiner. Dei lukkast ikkje. I Stryn sat kriseleiinga og såg på bilder og snakka i telefon. Vi måtte ut i felten. Ordførar Sven Flo og leiar for teknisk etat Jan Flore, tok på seg støvlar og regnkle så fort det var mogleg å kome seg uti området. Det vart etablert eigen krisesentral på kafeen i Utvik. Det var viktig å vere tett på der det skjedde. Røde kors vart sett inn med båt, slik at folk kunne kome seg fram og tilbake forbi bruane som var tekne av elvane. Drikkevatn vart bestilt frå Oldenvatn sin fabrikk i Oldedalen. Det var gjennom heile hendinga god kontakt med Fyl-kesmann og fylkeskommune. 
 
Akuttfasa var over. Ingen var skadde eller omkom. No skulle bygda rustast for å kome tilbake til kvardagen. Det kom til å ta lang tid. 

Kriser bør ikkje skje i ferien

24. juli er midt i ferien. Det er ei dårleg tid å få naturkatastrofar på. Folk er då nemleg på ferie. I Utvik var det utanlandske turistar som måtte evakuerast. Dette gjekk bra. Utfordringa er at Stryn er ei turistkommune som på sommarhalvåret er fullbooka. Det var vanskeleg å finne hus til dei som trengde det. Det skulle vise seg å gå bra. Bygdefolket som ikkje var ramma, stilte opp for dei som ikkje lenger kunne bu i husa sine. Det som likevel er mest utfordrande med ferie og slike hendingar, er at dei som sit i sjefstolane også er på ferie. Kriseleiing krev raske, klare og kloke beslutningar. Det er vanskeleg å gje om du ikkje sit på mynde til å gjere desse vala. Kommunikasjon er, som før nemnt, veldig viktig. Folk i kriser forventar at myndigheitene gjev dei svar. I Stryn prøvde vi å få så god og relevant informasjon som mogleg ut på våre nettsider. Erfaringa er likevel at vi kan vere endå flinkare til dette. Det er betre med litt informasjon, enn ingen informasjon. 

Kva no?

Etter å ha opplevd både ulukker, flaumar, orkanar og pandemiar, ser ein kor viktig det er med god kriseleiing der kommunikasjon er veldig sentralt. Det same gjeld planverk og sikring. Stryn kommune har ei rekkje elvar som trengs førebyggast. Vi har skredfare og kvikkleireutfordringar. Per i dag jobbar vi med tre elveførebygningar og dei siste åra har vi gjennomført flaumsikring i sju elvar. Det er gjort to flaumsonekartleggingar i to tettstadar og vi held på med sju nye. Vi har farsonekartlegging for skred, – kort sagt over alt i kommunen. Vi har parkeringsplassar som vi gjerne skulle fått brukt om sommaren, men ikkje får laga grunna rasfare om vinteren..

Varsling

Vi treng god mobilvarsling til fastbuande, men også til turistar i området. Her treng vi lokasjonbasert varsling som er presis og på fleire språk. Skulle vi få ein ny Dagmar, kor lenge har vi mobilkontakt ut i kommunen? Må vi førebu oss på å gå rundt og banke på dørene til folk? Satelittelefon er bra, men har vi gode nok rutinar på kven som kan bruke dei og at dei er oppladda til ei kvar tid? Vi nyttar CIM, men er vi godt nok rusta i ei kvardagskommune på å bruke dette? Kva om nøkkelpersonar på CIM er borte når ulukka skjer? Har vi god nok kontroll på kva nabokommunar forventar av oss i ein krisesituasjon der? 
 
Det er framleis mykje å jobbe med for å bli best mogleg rusta når ulukka skjer.
 
I Stryn har vi sett at det er viktig med gode planer. Det er viktig med godt samarbeid og kommunikasjon. Det er viktig å våge ta avgjerder og stå for disse i etterkant. 
Ikkje minst har vi sett at det er viktig å ha god kontakt med frivillige organisasjonar og private som sit på både kompetanse og moglegheit til å hjelpe når kriser oppstår. 
 
Vi går inn i kriser saman, og vi må løyse dei saman.