Illustrasjonsbilde: Husbanken

Illustrasjonsbilde: Husbanken

Husbanken

No kan kommunane søke om tilskot til energitiltak

I statsbudsjettet for 2023 løyva Stortinget 160 millionar kroner i tilskot til energitiltak i kommunalt disponerte utleigebustader, omsorgsbustader og sjukeheimar. No kan kommunane søke om tilskot via ei elektronisk søknadsløysing på husbanken.no.

Tilskotet skal gå til tiltak som reduserer behov for kjøpt energi (for eksempel etterisolering av ytterveggar, utskifting av vindauge) og til tiltak som produserer eigen, fornybar energi (for eksempel solceller).

Tilskotet blir berekna frå normerte verdiar

Tilskotet blir berekna ut frå normerte verdiar for kva det kostar å gjennomføre tiltaka. Maksimalt tilskot per prosjekt er fem millionar kroner.

– Det er mogleg å søke om tilskot til fleire prosjekt. På husbanken.no finst ein kalkulator som kan brukast til å utforske kor mykje kommunen kan få i tilskot til planlagde tiltak, seier seniorrådgjevar Anne Camilla Vaalund frå Husbanken.

Førstemann til mølla

Det er ingen søknadsfrist for tilskotet.

- Husbanken behandlar søknadene fortløpande så langt tilskotsmidla rekk. Når heile tilskotsramma er disponert, vil resterande søknader i 2023 bli avslått, seier Vaalund.

Prosjekt som fekk avslag frå ENOVA i 2022 kan søke på nytt til Husbanken.

Tiltak må ferdigstillast innan 1. desember 2023

Husbanken utbetaler tilskotet når kommunen har dokumentert at tiltaket er gjennomført. Siste frist for å ferdigstille tiltak og søke om utbetaling av tildelt tilskot er 1. desember.

Her finn du detaljert informasjon om tilskotsordninga og lenke til søknadsløysinga: Tilskot til energitiltak i kommunale bustader