Historisk arkiv

Nye krav om heis i bygg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Regjeringa ønskjer at alle er inkluderte og har like mulegheiter i samfunnet. Difor vert det no strengare krav om å byggje heis i nye bustader og bygningar, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Regjeringa ønskjer at alle er inkluderte og har like mulegheiter i samfunnet. Difor vert det no strengare krav om å byggje heis i nye bustader og bygningar, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Frå 1. juli i år kjem det nye byggjeforskrifter. Då vert det obligatorisk å montere heis i alle nye arbeids- og publikumsbygg som har to eller fleire etasjar og i nye bustadblokker som har tre eller fleire etasjar. I bygg som er tre etasjar eller høgare, skal heisen ha plass til ei sjukebåre. Dei nye heiskrava gjeld ikkje for einebustader, rekkjehus og andre småhus.

- Mange viktige arenaer for deltaking i samfunnet er innomhus. Manglande tilrettelegging stenger folk ute. Heis er ikkje berre nyttig for personar med nedsett funksjonsevne. Trappa er eit hinder for dei som bryt eit bein eller har små barn i barnevogn, påpeikar Navarsete.

Det kan vere mykje å spare på betre tilgjenge i bustader. Undersøkingar syner at det kostar om lag ein halv million kroner mindre å gje folk hjelp heime, framfor på ein kommunal institusjon. I dag er det berre tilgjenge for rullestolbrukarar i om lag 7 prosent av alle bustader.

- Det vert fleire eldre i åra som kjem. Betre tilgjenge i bustader gjer at fleire kan bu heime lenger. Det er kostnadseffektivt for samfunnet, dessutan set dei fleste som ikkje er alvorleg sjuke meir pris på å bu heime framfor på ein institusjon. Heis i arbeidsbygg gjer det også muleg for fleire å vere i jobb, seier Navarsete.  

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.