Her har Sandnes kommune tatt ei sak for heile kommunelaget.

Frode Lauareid i KS Advokatene

Bakgrunnen for saka er at skattestyresmaktene nekta Sandnes kommune kompensasjon, med grunngjeving i at vilkåra i meirverdiavgiftskompensasjonslova ikkje var oppfylt.

Det sentrale i dommen er at skattestyresmaktene har hatt ein for streng praksis når det gjeld godkjenning av krav på kompensasjon for meirverdiavgift. Kommunar som nyleg har oppført bustader til brukarar med rus- og psykiatriproblematikk, bør vurdera om kommunen har fått den kompensasjonen som kommunen etter dommen frå Gulating har krav på. Dei kommunane som står i planleggingsfasen for oppføring av slike bustader, bør lesa dommen frå Gulating for å sikra seg at vilkåra for rett til kompensasjon vert oppfylt.

- Denne saka viser at det er mogleg å oppnå eit godt resultat i saker mot staten om kva rettar kommunane har. Her har Sandnes kommune tatt ei sak for heile kommunelaget, seier Frode Lauareid, advokat i KS Advokatene.

Det sentrale vilkåra er kompensasjonslova § 4 tredje ledd som opnar for rett til kompensasjon for «anskaffelser til boliger med helseformål eller sosiale formål» og kompensasjonsforskrifta § 7 som seier at dette vilkåret er oppfylt når bustaden er «særskilt tilrettelagt for helseformål eller sosiale formål, herunder boliger utformet etter Husbankens tilskuddsordning for omsorgsboliger».

Det er vidare krav om at «[d]en som har fremmet krav om eller mottatt refusjon skal innrette bokføringen slik at det til enhver tid kan kontrolleres at kompensasjon for merverdiavgift ytes etter reglene i denne lov.»

Staten meinte kommunen ikkje hadde dokumentert at vilkåra for kompensasjon var oppfylt. Dette gjekk på at det ikkje var dokumentert at dei som var tildelt bustad hadde slike funksjonsnedsetjingar at vilkåret var oppfylt og at denne dokumentasjonen ikkje låg føre når kommunen sette fram krav om kompensasjon.

Sandnes kommune saksøkte staten for å få kjent nektinga ugyldig. Sandnes kommune tapte i tingretten, men anka til lagmannsretten.

Gulating lagmannsrett kom til motsett resultat som tingretten og seier følgjande om kva krav som skal stillast til gyldig dokumentasjon:
«Etter lagmannsretten sitt syn kan det ikkje vert sett like strenge krav til dokumentasjon for kompensasjon til bygg under oppføring som til dekning av utlegg til bygg i drift. Dette då det ikkje kan verte lagt fram tildelingsvedtak før tildeling har skjedd. Det må difor vere nok at føremålet med bygningane vert dokumentert.»

Når det gjeld innhaldet i tildelingsvedtaket, formulerer lagmannsretten følgjande krav:
«Lagmannsretten kan ikkje ut frå lova sine førarbeid eller uttale frå Skattedirektoratet sjå at det vert sett krav om at vedtaka skal vere meir konkrete enn det som går fram av kommunen sine tildelingsvedtak. Som nemnde vert ikkje kompensasjonsordninga avgrensa til ein bestemt type funksjonsnedsetting. Ei funksjonsnedsetting som gjer at nokon har behov for særskilt tilrettelagd bustad kan vere knytt til psykiske og / eller kognitive utfordringar, jf. uttalet i Prop 1 LS (2017-2018) punkt 38. Det må difor etter lagmannsretten sitt syn vere nok at det i vedtaka heiter at «Det på bakgrunn av ditt rusmisbruk/psykiske helse vurdert at du vil ha behov for bustad med tilbudet som gis i Sandnesveien 299 (Soma rusvern). På grunn av din funksjonsnedsettelse tildeles du derfor en særskilt til rettelagt bustad i Sandensveien 299».»

I dommen er det elles vist til følgjande om tilstanden til dei som var tildelt bustad ved Soma Rusvern:
«... bygg 2 og 3 vert nytta av personar med langvarige utfordringar knytt til rus kombinert med psykiske lidingar. Fleire av bebuarane har omfattande psykiske lidingar som enten skuldast langvarig rusmisbruk eller i utgangspunktet hadde ei psykisk liding som har vorte verre som følgje av rus. Bebuarane kunne ha til dels alvorlege diagnosar som schizofreni og andre har ikkje fått nokon diagnose. Fleire er kognitivt svake. Han forklarte at det er felles for bebuarane at dei ikkje kan ha vanleg bustad med oppfølgingstilbod då dei ikkje evnar å bu. Dei evnar ikkje å ivareta eigen hygiene og dei kunne utgjere ein brannfare for seg sjølve og andre. Soma sine bygg er særleg lagt til rette med tanke på sikring mot skadar. Bebuarane vert ivaretatt ved døgnbasert bemanning frå personalbasen, som har tilsett personell med særskilt fagkompetanse for å kunne ivareta dei og deira behov.»

For bygg under oppføring vil kommunar altså ha krav på komepensasjon av meirverdiavgift, dersom føremålet med bygget er dokumentert og det i ettertid kan dokumenterast at bygget verdt bruka i tråd med føremålet.

Sandnes kommune var representert ved advokat Oddgeir Wiig i PwC. KS var partshjelpar for Sandnes kommune og representert ved advokat Frode Lauareid i KS Advokatene.

Les hele dommen (pdf)

Kontaktpersonar i KS om saka er advokat Frode Lauareid og advokat Anne-Lise Hellebostad; sjå kontaktinformasjon under artikkelen.