Kuer på beite i strandsonen

Finnøy kommune

Felles etat for teknisk sektor og landbruk

Øykommunen Finnøy har ein enkel organisering med berre to etatar: ein stor for dei ”mjuke” verdiar: Oppvekst, Kultur og Omsorg – OKO- etaten og ein bitteliten for dei ”harde” verdiar : Næring, Miljø og Teknikk. NMT-etaten vår er ei vellukka samanslåing av tidlegare landbrukskontor og teknisk etat. Me ser dette som ei ideell løysing i ein liten primærnæringsavhengig kommune.
Kuer på beite i strandsonen
Finnøy kommune har slått saman landbrukskontor og teknisk etat.
Av May Britt Jensen, kommunalsjef NMT, Etat for Næring, Miljø og Teknikk, Finnøy kommune

Etat for Næring, miljø og teknikk i Finnøy har ansvar for kommuneplanarbeid, brann- og beredskapskoordinering, landbruksforvaltning og anna næringsutviklingsarbeid, forureining, areal- og naturforvaltning, byggesak, deling og kartarbeid, veg, vatn og kloakk samt vedlikehald av dei fleste kommunale bygg og anlegg.

Personell
NMT har i underkant av ti stillingar i stab inkl. kommunalsjef og vel sju stillingar knytt til drift, vedlikehald og beredskap/brannkorps. Me er kjent for å ha eit godt, stimulerande og utfordrande arbeidmiljø Jobbmarknaden for folk med kompetanse innan arealplanlegging, byggesak og anna kommunalteknikk er for tida svært god.

Arbeidmarknaden i Stavangerregionen er overoppheita – det er ti tusen ledige stillingar her og me misser gode folk til privat sektor og til andre meir sentrale kommunar. Me treng stadig gode nye folk. Nye medarbeidarar hos oss får store interessante utfordringar og ein stor kontaktflate mot næringliv og regionale samarbeidspartar. NMT-etaten i Finnøy kommune er ein særleg attraktiv arbeidsplass for både flinke nyutdanna og godt røynde seniorar som vil skifte beite.
Sjø og øyer
Under fjorden her er tunnel under bygging som gjev fastlandstilknytning for 2 av 16 busette øyar
Økonomiske ressursar
Finnøy kommune er ein nøktern kommune med lite frie inntekter. Aktivitetsnivået og bruttoomsetning i NMT er aukande. Auka driftsutgifter/inntekter avspeglar auka aktivitet (jamn auke frå om lag tolv millionar kroner i 2003 til 23 millionar kroner i bud- sjett for 2008).

Gjennom lokale næringsfond og sjølvinitierte prosjekt har me og auka øyremerkte inntekter til blant anna næringsutvikling. Netto forbruk – det NMT-etaten kostar Finnøy kommune i netto driftsutgifter - ligg i budsjettforslaget rundt fem millionar kroner.

Dette er knapt fem prosent av eit årleg netto driftsbudsjett. Det er svært lågt når brutto omsetning i etaten er over tjue millionar kroner. Av nettoutgiftene går ca ei firedel til brann/beredskap, og ca halvparten til kommunale vegar/kaiar. Det er ikkje høve til å finansiere desse områda med avgifter/ eksterne inntekter. Utgiftsdelen vil kunne bli lågare ved sviktande aktivitet som følgje av bemanningssvikt og med det ”sparte lønnsutgifter”. Inntektsdelen er svært sårbar for bemanningssvikt og personellskifte.

Når det gjeld driftsavdelinga, avspeglar inntektene her arbeid som me gjer for andre delar av organisasjonen. Når det gjeld plan- og byggesak, oppmåling og deling, så avspeglar dei talet på saker som er handsama i rett tid innan statleg sette fristar.
Driftsnivå
Driftsnivået i NMT-etaten aukar i takt med den positive utviklinga i øykommunen samla. Den komande fastlandstilknytninga gjev optimisme og byggjemot både innan landbruket og anna næringliv. Ein jamn oppgang i talt på nybygde bustader er det og.

Det er bemanningssituasjonen/ rekrutteringssituasjonen som sannsynlegvis vil setje avgrensingar for kva me får gjort. Me forventar at aktivitetsveksten i Finnøy samfunnet vil halde fram mot og etter Finnfast. Sakshandsamarkapasiteten ved NMT-etaten er til tider og kan i 2008 bli ein enno større falskehals for vidareutvikling av dei forskjellige lokalsamfunna i Finnøy.

Folketalet har gått noko ned i Nordre del av kommune på Sjernarøy og Ombo. Kommunen bør setje i gong mottiltak som vil krevje menneskelege og økonomiske ressursar. Herunder er vidare utbygging av kommunal vassforsyning eit avgjerande tiltak for å få til god utvikling for dei 14 av våre busette 16 øyar som ikkje vert fastlandstilknytt i 2009.
Kt 1-08