Undheim, Staale - Hygieneregler mot samrøre

Korrupsjon

Hygieneregler mot samrøre

Korrupsjon og kameraderi i kommune Noreg har den seinare tid blitt sett på dagsordenen. Ikkje minst har avsløringane om korrupsjonsskandalen i tilknyting til Nedre Rommerike vannverk prega mediebildet i lang tid.
Undheim, Staale - Hygieneregler mot samrøre
Internasjonale undersøkingar har avkledd Noreg og vist at kongerike kjem på topp blant landa i Norden som blir oppfatta å ha mest korrupsjon.
Av Staale Undheim, styremedlem i NKF`s Forum for Fysisk Planlegging og Fagleder arealplan i Sandnes kommune

Sjølv om undersøkingar syner at norsk næringsliv er verst, slit også  offentleg verksamd med tilliten. Noregs internasjonalt kjente korrupsjonsjeger Eva Joly opplyste for ei tid tilbake at to prosent av kommunale ”anskaffelsesbeløp” i Paris forsvinn i korrupsjon. Spørsmålet er kva standarden i Noreg?  Men sjølv om korrupsjon nå er sett på dagsordenen, så har ordet samrøre i seinare tid blitt dratt fram i det offentlege ordskifte som ei anna uheldig side ved offentleg verksemd.

Samrøreproblemet

Med samrøre er det ofte tale om tette band, nettverk, relasjonar mellom offentlege aktørar og private næringsinteresser. Samrøre kan føre til brot på regelverk og grunnleggande prinsipp for offentleg saksbehandling som i neste omgang kan gi private næringsinteresser fordeler og eksklusive rettar på bekostning av fellesskapet sine interesser.

Det er viktig å merke seg at samrørepåstandar gir svekking av omdømmet. Samrøre ser ut til å vera vanskelegare å angripa då det som oftast ikkje er snakk om direkte ”smøring” av offentlege tenestepersonar. Det er meir ein kultur, eller ukultur som enkelte stader har fått utvikla seg utan motstand, utan opposisjon, utan debatt og utan at nokon torer å stilla kritiske spørsmål. Resultatet er at sjølve lokaldemokratiet fleire stader, er sett på alvorleg prøve. Vidare blir demokratiske ideal som openheit, rettferd, likskap og fridom utfordra av lukka møter, nettverk og eksklusive avtaler som kjem i stand utan utlysing og utan konkurranse. For å få bukt med desse tilhøva trengs det merksemd om haldningar, vi kallar desse hygienefaktorar.

Hygienefaktor nr. 1:  Gode interne rutinar og reglar
I dette ligg rutinar for varsling av reglebrot (betre vilkår for varslarar) og rutinar for å informera tilsette om innhaldet i internregleverket i verksemda.

Hygienefaktor nr. 2:  Byggje haldningar
Haldningar må byggast både internt og eksternt. Kommunane og andre offentlege instansar må stramme opp uklare grenser for å auka merksemda om dei rette haldningane. Dette vil bidra til at tilsette ikkje kjem på feil side, eller i den uklare gråsona. Etikk blir derfor eit nøkkelord. Like viktig som reglar må det arbeidast med informasjon og prosessar som byggjer haldningar.

Hygienefaktor nr. 3: Ansvar for leiarane
Leiarane må ta ansvar for sine haldningar. ”Jeg mener det er grunn til å spørre om ikke dt to største partiene i bystyret i Oslo, Høyre og Ap, beskytter hverandre etter som deres folk foreløpig ser ut til å sitte trygt, til tross for skandale etter skandale” uttalte sjefen for Folketrygdfondet Tore Lindholt i forbindelse med skandalen i Undervisningsbygg i Oslo.  Som vi veit går leiarane sjeldan av frivillig. For dei fleste blir derfor fallet desto større.

Hygienefaktor nr. 4: Kunngjering og konkurranse
Konkurranse om vedtekne offentlege oppdrag bidreg over tid til rimelege og betre varer og tenester. Det same vil kunngjering/utlysing av stillingar, enten det er førebels tilsette, prosjektstillingar eller fast tilsette. Med kunngjering kan det offentlege spare ressursar som kan blir brukte på andre gode formål i samfunnet. Kunngjering bidreg til at alle kan melde seg på. Kunngjering bidreg også til innsyn for alle etter lov om offentlegheit. Terskelverdien for krav om kunngjering av oppdrag for det offentlege har av den raudgrøne regjeringa har blitt heva frå 200.000 til 500.000 kroner, men kommunane kan om dei vil ha eigne interne bestemmelsar som sikrar om at flest mogleg av kommunale oppdrag blir kunngjort.

Hygienefaktor nr. 5: Openheit
Openheit er den beste medisinen mot maktmisbruk, inhabilitet, korrupsjon og samrøre. Fordelane med openheit er mange for leiarar som vil endra organisasjonen sin og kommunen sin i betre retning. Openheit gir tillitt og tryggleik for ei   uhilda saksførebuing og vedtak, openheit hindrar spekulasjon. For leiarar som er usikre kor grensa går er det ein ting som gjeld nemleg openheit. Ikkje minst for offentleg sektor er openheit nøkkelordet, då offentleg sektor må sikre integriteten i sin fordi det er denne sektoren som forvaltar fellesskapet sine midlar. 

Desse momenta er viktige for å skape eit betre og meir rettferdig samfunn, eit samfunn som tek vare på fellesskapets ressursar, eit samfunn som ikkje styrer etter stamme og nettverk men etter lover og reglar, eit samfunn som arbeider kontinuerleg med haldningsskapande arbeid, eit samfunn der leiarane i offentleg sektor i alt dei gjer arbeidar etter hygieneregelen; openheit og atter openheit.