Grilling i strandsonen

Finnøy kommune

Metode for kartlegging og sonering av strandsona

I ein Øy-kommune som Finnøy vert strandsona fort ein verdfull gullkant der mange interesser møtes. Utfordringa med planlegging i strandsona ligg ofte i å møte det meir nasjonale/regionale kravet om å ta vare på natur, landskap, kulturhistoriske verdiar og friluftsinteresser, samtidig som ein skal gi lokal næringsaktivitet i kystområde mulegheit for utvikling.
Grilling i strandsonen
Strandsonekartlegging etter ”Finnøymodellen” er lett å formidle til andre
Av  Astrid Espe GIS og arealbrukskonsulent, Finnøy kommune

Finnøy kommune fekk i 2005 støtte frå Rogaland Fylkeskommune sitt Regionale Utviklingsprogram til å gjennomføre eit kartleggings- og soneringsprosjekt i strandsona. Målet var å sikre strandsona gjennom ein samla plan for bruk og vern av dette arealet.

Kvifor kartlegging?
Ved å kartlegge eksisterande inngrep i strandsona kan ein lettare skilje mellom område det er eit ønske om å skjerme, og område som allereie er så nedbygde at fortetting ikkje vil true nasjonale strandsoneinteresser. Eit av hovudmåla med prosjektet var å ta i bruk GIS for å identifisere kjerneområde for bruk og vern basert på eksisterande digital informasjon, og utvikle temakart som grunnlag for kommuneplanarbeid og framtidig strandsoneforvaltning. På sikt håpar ein at Strandsoneprosjektet i Finnøy kan legge eit grunnlag for ei meir differensiert og lokalt tilpassa strandsoneforvaltning, som kan vere med på å forenkle kommunal sakshandsaming og minske behovet for dispensasjonar.

Arealstatuskart
Det var frå før gjort mykje registreringar i Finnøy, men manglande digitalisering og passande programvare for visning og analyse av informasjon. Målet var at eit GIS-verkty skulle vere enkelt å ta i bruk internt, og ein satsa difor på eksisterande løysing i staden for å bestille eit eingongs fagarbeid eksternt. Å bruke eit forenkla markslagskart som grunnleggande arealbruksinformasjon har fungert svært godt. Her er i tillegg visualisert 100metersbeltet, bratt areal, forsterking av nedbygde område med bruk av buffer rundt bygningar, i tillegg til registreringar på kulturminne, viktige natur- og viltområde, vakre landskap, barnetråkk og friluftsområde. Alt dette inngår no i kommunen sitt arealstatuskart, som vart flittig bruk i gjennomgang av innspel til siste kommuneplanprosess.

Strandsonesonering
Fylkesdelplan for Kystsona i Rogaland har også eit krav om at kommunane skal gjennomføre sonering av 100-metersbeltet, som framtidig utbyggings- og dispensasjonspraksis i 100- metersbeltet skal bygge på. Meininga var at ein i dette soneringsarbeidet skulle bruke arealkategoriane gitt i kommuneplanen. Ein prøvde ut dette i praksis i referansegruppa men kom raskt fram til at denne vegen er svært tung å gå, og ikkje vil vere tenleg å gjennomføre for all strandsone i kommunen. I staden har ein landa på å innføre ein vurderingsstrek relatert til temakartinndelinga gitt i fylket sin kystsoneplan; Natur- og kulturverdiar, Inngrepsgrad og Tilgjengeleg strandsone. Metoden er i hovudsak utvikla basert på verdiar og informasjon på landsida av strandsona, både gjennom skrivebordsarbeid og synfaring med båt. Til saman er temakarta meint å sette fokus på konfliktområde med mange ulike arealbruksinteresser, og gi både politikarar og administrasjon eit betre grunnlag for vurdering av framtidige tiltak i strandsona.
Stein
Messinglav trives nær hav der sjøfugl kviler” Foto: Finnøy kommune
Resultat
Det ein gjennomgåande trend at arealbruk basert på forenkla markslagskart er godt reflektert i om eit område er registrert som A, B eller C-område. Dei fleste A-område er registrert som snaumark. Dei fleste skogområde er vurdert som B-område, i tillegg til der det er registrert dyrka mark eller innmarksbeite. Dei fleste C-område er registret med bygningar og/eller tilhøyrande buffer. Når det gjeld identifisering av tilgjengeleg strandsone, som i tillegg er attraktiv å ferdast i, vil snaumark i forenkla markslagskart som i tillegg ikkje er definert som bratte, oftast bli A-område. Kartlegging av tilgjengeleg strandsone, og natur- og kulturverdiar, vil sette fokus på kva område ein bør ta vare på og sikre for framtidig ferdsel og rekreasjon.

Utfordringar med vurderingsstrek
Strands onekartlegging etter ”Finnøy-modellen” kan gje grunnlag for seriøs diskusjon om samordning og avveging, og er ei form for dokumentasjon som er lett å formidle til mange. For andre kommunar som skal til med tilsvarande kartlegging i strandsona er det likevel viktig å ta stilling til spørsmål som - Kven skal vurdere? - Kva informasjon bør ein basere vurderingar på? - Kor stort skal eit område vere for å hamne i ein bestemt kategori? Vår erfaring er at eit tilgjengeleg, attraktivt område kan vere både stort, samanhengande og urørt, eller lite, inneklemt område i tettbygd strøk! Det herskar likevel liten tvil om at ein ved å kartlegge eksisterande inngrep i strandsona lettare kan skilje mellom område det er eit ønske om å skjerme, og område som allereie er så nedbygde at fortetting ikkje vil true nasjonale strandsoneinteresser. På denne måten vert strandsonekartlegging ein nødvendig føresetnad for differensiert forvaltning av ”gullkantane” våre!
Kt 1-08