hARALD OG ROGERensel-17

Nå varmar skogen dei gamle

Litt om vegen mot bruk av biovarme i Vindafjord kommune

hARALD OG ROGERensel-17
Olje- og energiminister Odd Roger Enoksen saman med Harald Selsås.

Av Håkon Hustveit, stabsrådgjevar eigedom, Vindafjord kommune og gruppeleder i nettverksgruppe av FOBE på Haugalandet.


Vindafjord kommune er ein kommune med 8100 innbyggjarar.  Kommunane Ølen og Vindafjord vart frå 1.1.06 slegne saman til ein kommune, med namn Vindafjord. Ølen kommune hadde gått over frå Hordaland  fire  år før, for å gjera dette ”giftarmålet” mogeleg.

Før kommunesamanslåinga bygde båe kommunane store  nye sjukeheimar. Kommunane hadde ulike tankar om  framtid og energibruk.  Ølen kommune bygde anbulansesentral. Den gamle sjukeheimen blei gjort om til ”legesenter” og  rådhus.  Det vart lagd varmerøyr mellom einingane og alle fekk vassboren varme. Det vart lagt kabel mellom bygningane, og målet var å få til felles driftsstyring.  Tanken var då å  knyta rådhus og sjukeheim til eit større fjernvarmenett.

Planen om det første anlegget kom opp våren 2000.  Det lokale e-verket utarbeida eit forprosjekt for  levering  av ca 3,5 GWH.  Kommunen skaffa rimeleg og sentral tomt.  Anlegget var basert på brenning av rivingsavfall  levert frå renovasjonsselskapet.  Det var den gongen  usikker levering av rein skogsflis til ein lønsam pris.

Anlegget skulle då dekkje dei sentrale delene av Ølen sentrum   ca 300.000 m2 )
Fylkesmannen sette rensekrav ved bruk av  rivingasvfall og  utbygginga var ikkje lønsam ved bruk av rein skogsflis. Prosjektet vart lagt bort som ikkje lønsamt hausten 2002.

Tanken og målet om flisfyring var  fortsett levande.   Våren 2004 skulle kommunen byggje ut eit område i sentrum, med veg, vatn, avløp, straum å tele.  Det vart hyra konsulent som kom fram til at dette var eit lønsamt og godt prosjekt. Kommunen ( den gongen Ølen)  hadde lite midlar til å investere i framtida. Det vart gjort eit forsøk på å danna eit nettselskap for levering av fjernvarme.  Andre byggjetiltak sto og venta på vegen og kloakken og saka om fjernvarmenett blei ei hastesak. Det vart ikkje tid til å søkja om den offentleg støtta vi meinte vi hadde håp om å få.  Til slutt vart prosjektet lagt bort fordi vi ikkje hadde finansiering.

 

I flishaugen
I flishaugen. Frå venstre: Troleif Tofte, ordfører Arne Bergsvåg, vermeleverandøren Arild urdal og Harald Selsås.

 

Kommunen hadde framleis  eit lite fjernvarmenett mellom sjukeheim, åtte omsorgsbustader, ambulansesentral og doktorkontora og  nå var den gamle sjukeheimen bygd om til rådhus.  Alle desse bygga vart oppvarma frå sjukeheimen.  Varmekapasiteten var dimensjonert for å kunna varma alle som var knytt til nettet.   All  varme og ventilasjom vart styrt sentralt frå sjukeheimen . Energibruken veksla mellom straum og olje.

Hausten 2005 vart saka teken opp att i formannskap som då fatta vedtak  om å lysa ut  på anbud, levering  av varmt vatn til oppvarming.  Dei la  slike føringar:

•    Energien skulle produserast av rein skogsflis
•    Prisen skulle kunna samanliknast med straum og olje
•    Rådmannen fekk fullmakt til å nytta fagkunnig hjelp for inntil  100.000 kroner.

Før jul same året førelåg det ei utgreiing med positiv tilråding.  Vi laga eit anbudsunderlag og lyste dette ut i DOFFIN.  Det kom berre inn eit  tilbod og det var frå  lokale bønder i eit samarbeid.  Den 13.09.06 kunne vi skriva avtale og  i mai 2007 starta  varmeleveringa.
Ved ei investeringsanalyse viste prosjektet lønsemd for investering opp til 1,24 millioner kroner.  Anlegget har kosta mindre en dette, og det er gjeve 360.000 kroner i støtte frå  Innovasjon Norge.

Til i dag har vi teke mot 330.000  kwh og det har gått med  ca 550 m3 flis. Anlegget har ein  kapasitet på 250 kW.  Etter avtalen skal varmeleverandøren tilføra 784.000  kWh  pr år.  Varmeleverandøren  arbeidar for å få  til høgare regularitet.

Utforming av kontrakt.

Ved utforming av kontrakt  drøfta vi først prinsipp og ramar:
•    Låg rissiko for båe partar
•    Prisen skulle avreknast i høve til marknadspris på straum.
•    Det skulle setjast  ein nedre pris basert på produksjonspris på flis
•    Ved høg straumpris, over eit vist niva ,skule prisen på levert energi berre aukast med
ti prosent.

Erfaringar:

  • Løysingane finst, det er berre til å leite til du finn dei.
  • Hald fast på målet og juster heller ambisjonane.
  • Ta tidleg kontakt med naboane.  Ikkje vent til du sender nabovarsel.
  • Her kan det vera klokt å be naboane inn til ei kveldstund med kaffi og kake.
  • Alle naboar forventar røyk og lukt.  La dei få sjå referanseanlegget.
  • Prøv og la dei forstå at den lyse røyken er  mest damp.
  • Set krav til meir en pris.
  • Kva med konsekvens ved manglande levering ?
  • Set klåre krav til utsjånad.
  • Drøft samanhengen mellom kostnad og risiko.
  • Den som vil ta del i vinsten må ta del i risiko.
  • Først når nokon tenar pengar kjem det fleire.
  • Rykte om lønsemd  fører til fleire aktorar og fleire aktørar til lågare pris.
  • Vi trur vi er på rett veg når vi er på veg bort frå olje og gass til oppvarmig.
  • Bruk av skogen er co2 nøytralt.  Skal Norge bli co2 nøytralt må noko av det vi brukar i dag bli  forbudt.


Dette  var vårt første prosjekt, der det overordna målet var å få koma i gong og få erfaring.
Vi er klare og motiverte for neste prosjekt, der vi vil stilla høgare krav på andre områder.

Kommunalteknikk nr. 2-2008