Havdal, Lars Erik - Opprusning av Steinkjer torg

Opprustning av Steinkjer torg

Ei viktig markering i samband med byjubileet er opprusting av torget. I mange år har torget i stor grad vore eit trafikknutepunkt. No er målsettinga at det skal bli eit ordentleg byrom. Det nye torget skal stå ferdig til 6. mai.

Av Lars-Eirik Havdal, Landskapsarkitekt, Steinkjer kommune



Det gamle torget


Lokaliseringa er i dag den same som før byen vart bomba i starten av 2. verdskrig. Etter gjenoppbygginga er det Samfunnshuset og den nye kyrkja som er dei viktigaste bygningane ved torget. Samfunnshuset, teikna av Sverre Olsen og ferdig i 1951, og kyrkja, teikna av Platou og innvigd i 1965, definerer plassen på ein framifrå måte. Før bombinga var det dessutan ein musikkpaviljong som mange gamle framleies minnest.


Lokaliseringa på den sørlege elvebarden er naturleg ut frå at byen er delt i to bydelar av Steinkjerelva. Ved denne lokaliseringa blir det torget til båe bydelane. Hovudgata Kongens gate, går frå sør i nord-nordvestleg retning, og torget ligg i denne aksen. På torget dreier aksen mot nord og over bybrua til bydelen Nordsida.


Torget blir kryssa av fleire gater. Kongens gate er nemnt, i tillegg er det ei gate langs sørlege side av torget og langs nordre side frå vest og inn på Kongensgata. No er det redusert trafikk i desse gatene. E6 er styrt utafor torget, og det hjelper mykje. Ein må sjå for seg at det i framtida kan bli aktuelt å stenge biltrafikk over sjølve torget.


Konkurranse


Sommaren 2005 kom det inn fem forslag til utforming av torget. Det hadde vore invitert til arkitektkonkurranse om utforming. Landskapsarkitektfirmaet Lunde og Nilsen frå Trondheim gjekk sigrande ut av konkurransen, og dei fekk oppgåva med prosjekteringa. Under prosessen er dei oppkjøpte av Rambøll Norge as, og såleis er det dette firmaet som har stått for den endelege prosjekteringa.

 
Plassorganisering

Torget er organisert i to hovudareal, plassen framfor kyrkja og plassen framfor Samfunnshuset. Desse to plassane er delt av Kongens gate som har vore ein del av E6 gjennom byen. No når E6 er flytta, vart det ei målsetting å få desse to areala til henge saman som eitt rom. Tidleg vart det difor klart at det ikkje skulle vera nivåsprang mellom kyrkja og Samfunnshuset.


Aksen opp Torggata mot hovudinngangen av Samfunnshuset er forsterka ved at ei trerekke vart flytta ut av denne aksen. Det er ikkje lagt så sterk vekt på den viktige aksen sørover Kongens gate mot Branntårnet, men han er noko styrka ved at installasjonar på ”brukarplassane” er vendte i den retninga.


På kvar side av sørlege brukar er det etablert to sjølvstendige plassar som er meir intime. Framfor hovudfasaden av Samfunnshuset er det lagt til rette for uteservering da det skal etablerast ein kafé i Samfunnshuset der.


Kyrkjeplassen har fått eit meir edelt preg enn arealet elles ved at her er det lagt granittgolv medan det, med nokre få unntak, er nytta spesialproduserte betongelement i det store golvet elles.


Torget verkar horisontalt og flatt, men det er eit høgdebrekk mellom kyrkjeinngangen og det indre hjørnet av Samfunnshuset. Terrenget søkk nedover Torggata og Weidemannsgata. For å få kyrkjeplassen til å ligge mest mogleg i same nivå som torggolvet elles, er det bygd trapper mot Torggata og Weidemannsgata. Trinna er i same materiale som kyrkjeplassen.

 
Lyssetting

I utgangspunktet var det tenkt berre indirekte lys. Kyrkjetårnet er kvitt og det skal lyssettast sånn at det kaster lys på plassen. Veggane på Samfunnshuset blir nytta på same måten. På veggane av sentrumsgardane langs Torggata og Elvegata er det veggmonterte armaturar. Der det er tre, er det montert opplys opp i trekronene, det same ved installasjonane på brukarplassane. I hovudgata tvers over torget måtte ein likevel montere tre lysmaster for å få nok lys inne på torget.


Det er montert lys i trappetrinna opp på ”kyrkjebakken”, og i tillegg skal det bli lys i ein kunstinstallasjon som skal kome på hjørnet av kyrkjeplassen i nordaust.

 
Vegetasjon

Torget blir ein utprega urban plass, og det blir relativt lite vegetasjon der. Berre eit av dei gamle trea får stå. Dei gamle var dårlege, og det treet som står att, er heller ikkje i god form. Det er planlagt planta 13 nye tre inne på torget. Treslaga er parklind og søtkirsebær. Elles er det nokre små buskfelt ved eine fasaden til Samfunnshuset og ute på brukarplassane.

Ved installasjonane på brukarplassane og under det treet som står att, er det tenkt planta lauk og sommarblomar.

I installasjonane er det strekt trådar der det skal vekse slyngplanter. Det blir spanande å følgje med om dette vert vellukka.

 
Materialbruk

Golvet er lagt med 60 x 60 cm² og 60 x 90 cm2 betongheller i tre valørar. Elles er det nytta svart granitt med stripestruktur som etter øksehogg.


Metallkonstruksjonar er galvaniserte eller lakkerte i ein gråtone. Trematerialar er kjerneved av furu. Betongen i støttemur og under tre og benkar framfor Samfunnshuset har tilsetting som gjer han svart.

 
Utsmykking

Alt i konkurranseteksten gjekk det fram at det skal monterast ein kunstinstallasjon på torget. I konkurransens vinnarteam deltok kunstnarane Bjørg Nyjordet og Magnar Gilberg. Det var difor naturleg å fortsette det samarbeidet.

Det var eit ønske om at vatn skulle vera ein del av kunstverket. Det viste seg at det var svært kostbart, men no ser det ut til at det ender opp i ein konstruksjon med glas, lys og vatn. Produksjonen av glaset har synt seg å vera teknisk problematisk, og det gjer at me truleg ikkje blir ferdig med kunstverket så tidleg som me vona. Men det skal bli eit flott resultat.

 
Universell utforming

Det er lagt vekt på at det ikkje skal lagast unødige hindringar for nokon. I prosessen har me hatt samarbeid med organisasjonar for dei med funksjonshemming for å sikre at deira ønskjer er komne fram. Dei har hatt innspel på markering av soner for trafikk, merking av trinn og rekkverk ved trapp, osb. Deira ønskjer er langt på veg innfridde.

 
Trafikk, parkering og torghandel

Torget skal vera eit areal for fotgjengarar, men det må framleis gå biltrafikk over. For å styre biltrafikken, er det nytta pullertar. Dette har skapt nokre problem da biltraséen vart for smal, særleg i nokre kurver.


På torget skal det ikkje vera parkering. Berre torghandlarar som driv sal frå bil får ha bilen ståande på torget.

Det er lagt til rette for sju torghandelsplassar. Desse er utstyrte med påkopling for vatn og straum.

 
Telefonkiosk

Telefonkiosken på det gamle torget gav god inntening. Det var difor eit ønske om å ha telefonkiosk der framleis.


Arkitekt Georg Fredrik Fasting var fylkesarkitekt i Nord-Trøndelag og budde da i Steinkjer. Han teikna i si tid den klassiske, funksjonalistiske telefonkiosken. Han høyrer til same stilepoken som Samfunnshuset. Det er difor naturleg at kiosken som no er montert på torget, er ein av dei 100 kioskane som skal vernast av denne typen. Kiosken har moderne teknisk innreiing.

 
Framdrift, kostnader

Prosjektet skal vera ferdig i løpet av vinteren med unntak av noko planting og fuging. Torget skal stå ferdig når jubileumsveka tar til 6.mai.


Budsjettet er sett til 11 millionar. Entreprenør er anleggsgartnarmeister NAML Kurt Bye AS.

Under bakken er det investert vel 2 millionar i nytt leidningsanlegg. Entreprenør for dette arbeidet har vore maskinentreprenør Odd Einar Kne AS.

 
Kva skjer i området

Samfunnshuset er i ferd med å bli pussa opp, både eksteriøret og interiøret blir fornya. LO og AOF har hatt lokalar her lenge. I dei seinare åra har det vore aktivitetssenter for gamle i underetasjen, og no er det etablert ungdomssenter i høgda over.

Like vest for brufoten ligg det eit restaurantbygg mde ei utforming som er framand i bysentrum. På denne tomta og vidare mot vest blir det no prosjektert ein bygning som får ei utforming meir tilpassa byen.


Parken på baksida av Samfunnshuset, Rismelparken, er i utvikling, og der vil det bli fleire aktivitetar.