1000 - 1005: Opning ved styreleiar
1005 - 1100: Korleis bruke geonett ved forsterking av kommunalt vegnett og kva er erfaringane?
Fleire kommunar i fylket har brukt geonett ved forsterking av kommunale vegar med gode erfaringar både kvalitetsmessig og økonomisk. Føredragshaldar: Erling Magne Monseth, TenTex AS
1105 – 1200: Stabilisering av bærelag med Dustex
Dustex-stabilisert grus som bærelag har vore brukt på fleire parseller på fylkesvegnettet her i fylket, Ove Strømme vil gi god informasjon og legge fram erfaringar frå forsøka. Føredragshaldar: Ove Strømme, Statens Vegvesen
1200 – 1300: Varm mat
1300 - 1330: Årsmøte. (eget program/ordinært årsmøteprogram)
1340 – 1440: Trafikkregulerande skilting av vegar
Enkelte kommunar har ikkje særleg kompetanse på området trafikk/skilting osv. Det vil bli gitt ei nærare innføring i ein går frem for å få skiltvedtak for offentlige trafikkskilt. Kva som ligg til Statens Vegvesen. Kva kommunane kan gjere av vedtak (etter delegasjon) sjølv osv. etter skiltforskrifta m.m. Føredragshaldar: Stig Seljeseth, Statens Vegvesen
Møteavgift kr. 1.000,- inkl. varm mat.
Påmelding innan 13. mars kl. 1200 til NKF avd. M&R på e-post: jon.rune@online.no eller telefon 91578004.