Ill.: Shutterstock.

Ill.: Shutterstock.

Konferanse – Bergen 31. mai

Ein bustad for heile livet

Senteret for aldersvennlig Norge, Statsforvaltaren i Vestland, KS og Husbanken inviterer til nasjonal konferanse om aldersvenleg bustadbygging, som går føre seg i Bergen 31. mai.

Konferansen vil handle om aldersvenleg bustadbygging. Vi vil rette merksemd på behov, moglegheiter og løysingar som gjer at den einskilde kan bu lenger i eigen bustad. Vi vil få gode døme frå kommunar som har jobba godt med desse problemstillingane. Dette kan inspirere til utvikling av nye bustadløysingar i kommunane i heile landet. Temaet er sentralt i Leve heile livet-arbeidet. 

Følg denne lenkja for program og påmelding: Konferanse – Ein bustad for heile livet

Konferansen er relevant for kommunesektoren, kommunedirektørar/rådmenn, planleggjarar, folkehelserådgjevarar, leiarar i helse- og omsorgstenestene, eldreråd og politikarar, samt utbyggjarar og andre aktørar som er sentrale i å bidra til at vi har, og får bustad som er eigna for eldre år.

 Konferansen går føre seg på Scandic Bergen City, i Bergen sentrum. Vi begynner med registrering klokka 10.00 og programmet varer til 15.30. For på delta på konferansen må du melde deg på via nettsida til Statsforvaltaren i Vestland. Vi legg opp til både fysisk og digital deltaking, og det er gratis å delta. Lunsj vert servert til dei som deltek i Bergen, og det er derfor bindande påmelding. Eventuell reise og overnatting må deltakarane ordne sjølve. 

  • Frist for å melde deg på fysisk deltaking i Bergen er 16. mai. 
  • Frist for å melde deg på digital deltaking er 29. mai. 

Dei som melder seg på digital deltaking, får tilsendt oppkoplingslenkje i løpet av måndag 30. mai.